Den Kvite Hjorten


Den Kvite Hjorten 
– Tingingsverk Førdefestivalen 2009

Den Kvite Hjorten: Helge Jordal
Folkesong: Åshild Vetrhus
Akkordeon: Irene Tillung
Feler: Jorun Marie Kvernberg
Musikk: Tindra
Tekst: Jan-Magnus Bruheim
Regi, dramaturgi og scenografi: Marita Hesjedal
Kostyme: Svanhild Dvergsdal
Masker: Marthe Brandt




Den Kvite Hjorten er ei familieframsyning basert på Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. Folkemusikktrioen Tindra har tonesett diktet, som regissør Marita Hesjedal har iscenesatt.

Skodespelar Helge Jordal som den Kvite Hjorten står på scena saman med Tindra. I tillegg til å framføre den nydelege musikken har Tindra roller i stykket.

Framsyninga handlar om ein hjortekalv som skil seg frå dei andre hjortane av di han er kvit. Då mora hans blir skoten av ein jegar, blir han overlaten til seg sjølv. Gjennom ord og tonar følgjer ein hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap. Den kvite hjorten er ei musikalsk historie om rasisme og mobbing, men gjev også framtidshåp.

Den Kvite Hjorten var tingingsverk på Førdefestivalen 2009 og hadde urpremiere der, og har sidan den gongen vorte framførd fleire stader, mellom anna på Det Norske Teateret 24. oktober 2009.